POTETER I KNALLFORM!


Diverre var det alt for mange som missa fyrverk­eriet i Evje­moen kino denne ons­dagskvelden i byr­jinga av okto­ber. Dryge 100 mennskje hadde møtt fram til fes­t­førestill­inga “Poteter i form”. 5000 hadde sett revyen før den kom til Evje og fleire tusen til vil garan­tert møte opp i framtida. Sang og sket­sjer i dryge hal­van­nan time. Ikkje eit einaste daud­punkt. Stemninga i salen var stor og artis­tane på scena “tok den heilt ut”. Skode­spel, musikk og song i øvste divisjon. Det einaste som mangla var “stinn brakke”. Dei som ikkje fekk med seg dette missa noko stort. Ein klar sek­sar på terninga!!!! (skrev moisund.com etter forestillinga!)